Kurs

Her kjem fyrst ein kort kursplan for neste halvår, under finn du meir informasjon om kvart kurs.

Kursplan haust 2019

11. 12. oktober korgfletting.

  • Fredag 11 oktober:  kl. 16.00 – 21.00, og Lørdag 12 oktober kl 09.00 – 16.00
  • Pris: 1200kr for 12 timars kurs + materiale 250 – 350kr

18 – 20 oktober: pileflett

  • Telemark Husflidslag inviterer til 4-fylkers samling
    på Straand hotell i Vrådal, 18.-20. oktober 2019.
    Tema: Holdbart. Kontakt telemarkhusflidslag@gmail.com for meire informasjon

1 – 2 november: Neversveiping

  • Fredag 1. november: 16.00 – 2100, Laurdag 2. november: kl 09.00 – 16.00
  • Pris: 1500kr for 12 timars kurs + materiale 70 kr per neversveip.

30. november og 1 desember: korgfletting

  • Lørdag 30.:  kl 10.00 – 16.00 Søndag 1. : kl 10.00 – 16.00
  • Pris: 1200kr for 12 timars kurs + materiale 250 – 350kr

Kursplan Vinter/ vår 2020

  • kom gjerne med ynskje om kurs! Eg er gravid, med termin i start april, så eg ser det litt an kor mange kurs eg får til å halde før det, men ynskjer å halde på fram til mars. Eg har foreløpig ikkje planlagt nokre kurs i januar/ februar.
  • Moglege kurs: pileflett, neversveip, dekorteknikkar på tre; karveskurd og linoljemaling, basis spikkekurs for vaksne og instruktørar, krympeboks, (2 dagars kurs) mindre ting i pil, eller enkle korger ( kveldskurs/ dagskurs)

Praktisk info alle kurs:

  • Påmelding: krokvokst@outlook.com. (Fyrstemann til mølla, med atterhald om nok påmeldte. )
  • Stad: Der ikkje anna er nemd blir kurset i verkstaden min i Bø i Telemark. Verkstaden ligg ved Bø Museum på Oterholt. (parker ved Bø museum, Oterholtvegen 148. Verkstadbygget er eit grått bygg rett før Oterholtfossen.)
  • Kurshaldar har med alt som trengs av materialar og verktøy.
  • Kurshaldar: Mari Fallet Mosand, dagleg leiar av handverksbedrifta «Krokvokst».
  • Sjekk gjerne ut krokvokst på Instagram, facebook eller www.krokvokst.com

Korgflettekurs:

  • 11. – 12.  oktober
  • 30. november – 1. desember

Har du lyst til å lære å flette ein soppkorg, handlekorg, vasketøyskorg, vedkorg eller anna?

På dette kurset vil du lære basis fletteteknikkar for å planlegge og flette ei korg i pil og naturmaterialer.  Me startar med å flette ein botn, og held fram med å sette inn stakar og flettar veggar med ulike teknikkar, mønster og fargar. Til slutt lagar me kant og handtak. Det blir gjennomgått fletteteknikkar til runde og ovale korger, med mange variasjonsmoglegheiter i tradisjonelle eller moderne design. Kurset er på 12 timar, og er du nybyrjar rekk du å lage ei korg i løpet av kurset, og lære teknikkane som fylgjer med til dette. Om du er meir erfaren kan du velje å lage ein større eller meir avansert modell, eller kanskje du rekk å lage ein mindre ting som brødfat i tillegg til korga. Moglegheitene er mange. Me flettar i hovudsak i pil, men det vil vere mogleg å eksperimentere med andre naturmaterial som siv, bark og bjørkeris.

Sjølv er eg veldig fasinert av korgmaking fordi ein gjennom kunnskap om teknikkar og  materiale blir i stand til å gå i naturen og skape vakre funksjonelle ting, berre ved hjelp av enkle verktøy og eigne hender. Korgmaking er eit veldig gamalt handverk, det er moro, og ein blir fort hekta på variasjonsmoglegheiter i desse vakre naturmateriala! Velkommen skal du vere!

Pris 12 timars kurs: 1200kr.
Materiale kjem i tillegg og avhenger av storleiken på korga. (250 – 350kr)

Maks 5 deltakarar.

Påmelding: krokvokst@outlook.com. (Fyrstemann til mølla, med atterhald om nok påmeldte)

Neversveip kurs. 1. – 2. november

Har du lyst til å lære å lage vakre og solide boksar og fat i never? Kva med ein matboks i never, ein boks til turkaffien, nøtter, musli, eller eit brødfat med tægerkant?

På dette kurset over to dagar lærer du ein gamal handverksteknikk med lokale naturmaterial med mange moglegheiter.

Neversveip er eit gamalt tradisjonshandverk, der ein sveiper never rundt ein mal, og låser nevera ved hjelp av ein spesiell låseteknikk. I tillegg set ein inn for på innsida av boksen /fatet slik at det ferdige resultatet blir solid og haldbart.

På kurset rekk du å lage fleire ulike boksar eller fat, alt avhengig av kva type du vel, og kor erfaren/ raskt du arbeider. Det finst mange ulike malar og formar tilgjengeleg du kan velje mellom, eller du kan lage din eigen mal til å ta med heim.

Fredagen brukar me til å sveipe nevera rundt malar, og laurdagen brukar me til å lage botn og lokk, eller tægerkant på fata. Eg vil vise korleis ein kan bruke handverktøy for å lage lokk og botn, eller bandsag og bandslipar for dei som ynskjer det.

Nevera er sanka lokalt i Bø i Telemark. Visste du at noma brukar sveipa neverboksar til smør på restauranten sin? Never inneheld betulin verkar konserande på matvarer. Eg trur never kan få ein ny renessanse i våre dagar, fordi det er så solid og haldbart, og eit utruleg godt alternativ til plast. Velkommen på kurs!

1- 2. november: Neversveip.

  • Fredag : kl 16.00 – 2100, Laurdag : kl 09.00 – 16.00
  • Pris: 1500kr for 12 timars kurs (+ materiale 70kr per boks/fat.)

”Nävern er formbar, stark, röttålig och vattentät, den andas och flyter. Den luktar inte och sätter ingen smak. Den är förnybar och växer lokalt – på Sveriges tredje vanligaste träd…”) (Hemslöjd nr 1 2019)

Diverse bilete frå tidlegare kurs: