KUNST

Utstilling i Nittedal kunstforening feb. 2019

I helga var det utstillingsopning med bileta frå serien liv – død – liv sykluser. Her kjem tekst om bileta, og nokre bilete frå utstillinga. Eg stillte ut 17 maleri på lærret og 21 arbeid på papir.

 

Mari Fallet Mosand: kunst

Djupast sett spring all kunstarbeidet ut frå ei stor kjærleik til livet og naturen. Eg ynskjer at bileta mine skal gjenspegle naturen, ikkje slik den ser ut, men slik den kan kjennest, og korleis dei skapande kreftane i naturen og i oss, verkar.

Gjennom bruken av eigentilverka fargar og naturlege jordpigment søker eg å utforske ein meir miljøvenleg kunstproduksjon.

Spørsmål eg ofte sirklar rundt er: Kvifor vil det eigentleg alltid bli liv? Og kvifor har denne livskrafta fått så mange ulike formar, visuelt sett, gjennom årtusena? Kunstarbeidet er også ei søken i mysteriet i trua.

 

Frå utstillingsopning: Kunstsamtale med kunstnar Kari Nordheim

 

Prosjekt: «liv- død- liv sykluser»

Bileta hos Nittedal kunstforening sirkler rundt temaet liv – død- liv. Dette temaet er utforska på mange plan, og er ei tilnærming til livskreftene og dødskreftene i naturen og i oss menneske.

Bileta har ofte mange lag, og ein kan kjenne att element frå hausten, det som visnar og døyr, slik som kvistar eller vissent lauv. Samstundes har fleire av desse bileta element som frø, som kan hinta om at det finns håp, ei lita kime til nytt liv oppi alt det som forfell i denne årstida. I naturen og i oss menneske er det heile tida ting som døyr og ting som blir født. Om hausten visnar alle plantene, men dei dett også ned og legg seg som ei dyne over alle frøa som ligg og ventar på neste vår.

Bileta i prosjektet er også ein måte å bearbeide døden etter mi eiga mor. Mor tok sitt eige liv hausten 2017, og eg kjem ikkje utanom å snakke om dette som ei drivkraft og sjølvterapi for å utforske temaet, og biletskaping som ein måte å skape ein veg vidare i livet.

Bileta reflekterer kjensler som fortviling, kaos, og sorg, men også små glimt av håp, kjærleik til livet og det skapande, som for meg er ei utruleg livgivande kraft som verkar i naturen og i oss menneske.

 

Materialval og teknikk.

 

Miljø og kunstproduksjon.

Eit viktig aspekt i arbeidet mitt er premissen at eg ynskjer å vise ein måte å skape meir miljøvenleg kunst.

I måleria nyttar eg jordpigment, (blant anna: grøn jord, raud sienna, oker, umber, og lokale jordpigment frå Telemark.) Ut av desse lagar eg linoljemaling og ink. Desse teknikkane brukar eg om kvarandre saman med kol og teikning, som gjev mange lag, ulike karakterar i flater og strek i dei ferdige bileta.

For meg er dei naturlege fargane og deira verknad på oss menneske utruleg interessante. Mi oppleving er at eg gjennom desse fargane får ei meir åndeleg oppleving av fargeharmoniar i kunsten, kanskje fordi desse naturlege fargane harmonerer med noko djupare og eldre i oss, og på denne måte kan verke på eit anna plan?

 

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s