KUNST

Kunstterapi: døden og frøet

Kunstterapi: Døden og frøet

Det siste halvåret har eg hatt ei pause frå krokvokst, og fokusert på litt andre ting enn berre trehandverk, kurs og kurvmaking.  Dette hadde eg litt lyst til å skrive om no, det har ikkje vore mykje aktivitet på denne sida det siste året fordi livet brått tok ein litt annan retning.

Handverk og skapande aktivitetar for mental helse

Det siste året har eg skrive mykje dikt, og eg har starta å male igjen. Dette har heilt klart vore ein måte for meg å bearbeide sorg etter at mamma tok sitt eige liv hausten 2017. No er det litt over eit år sidan, og det har vore eit år med mange og varierande kjensler. Sorg, fortviling, angst, utmattelse, men også ei kjensle av samhald, håp, og kjærleik. Når mamma døde hadde eg ikkje mange reidskapar for å takle eit slikt traume. Eg var vant til å «klare meg sjølv» vere sterk, stå på… Men no måtte eg lære meg å vere svak. Be om hjelp, ta imot hjelp. Det har ikkje vore lett. Det er ikkje lett. Samstundes er eg sjølv mor, og må vere der for dotter vår som no er 3.

Kva gjer ein når ein ein elskar, ja, mamma, sluttar livet på ein slik måte? Det er umogleg å vite. Eg var heilt klart i sjokk. Lenge. Men eg fant fort fram til at eg måtte fortsetja å vera skapande. Så eg gjekk tilbake til arbeidet med krokvokst, sa nei til det meste, kurs, foredrag og bestillingar, men fortsette å skape. Det har vore eit ankerpunkt den fyrste tida. Samstundes har det vore mykje terapi i det arbeidet eg har klart å gjere, og for meg har eg merka på kroppen kor terapeutisk skapande verksemd kan vere i vanskelege fasar i livet. Det meditative flettearbeidet innan kurvmaking for eksempel. Det rytmisk gjentakande, der tankane har noko å feste seg til, får lov til å flyte, imens noko nyttig kan vekse fram gjennom hendene. Dette er ei utruleg transformativ aktivitet på mange plan. Denne erfaringa har eg lyst til å ta med meg vidare i formidling og kurs når eg blir klar for deg igjen, og dette er eit felt eg heilt klart ser mykje potensiale i, i dagens samfunn.

Etter at sjokket la seg vaks fram eit behov for å møte kjenslene, og finne ein måte å «sjå på dei», romme dei. Å romme sorga. Romme døden i livet på ein måte. I denne samanhengen har eg skrive dikt, og eg har arbeida med ein serie bilete eg har kalla «Liv – død – liv» Om livs og døds syklusar i naturen, og i oss menneske. (dette skal eg skrive meir om i neste bloginnlegg.)

 

«under hengebjørka» Er tre av 18 maleri frå serien. Desse tre tek for seg døden, visualisert gjennom visne lauv, formar minner om kvistar, greiner og rotne blader om hausten. Under blada kan ein også skimte nokre frø.

Oljemaling, kol, ink og jordpigment på lærret. 80×80 cm, 60 x 80 cm og 100 x 60 cm.

Og «døden og frøet»? Ja, det er dette siste biletet her:

døden og frøet 2

«Døden og frøet» ink, kol, jordpigment og oljemaling på lærret. 100 x 100 cm.

 

Meir om livet og utstilling i neste blogginnlegg…

Legg att eit svar