Bjørk / D.I.Y. / Karveskurd / Leike / Oljemaling / Spikking / Tradisjonshandverk / Treskurd / verktøy

Bilete frå kurs i dekorteknikkar på tre

I vår heldt eg eit kurs gjennom Buskerud husflidslag i Drammen.

DSC_0014

 

På dette kurset fekk deltakarane ei innføring i ulike dekorteknikkar på tre, som Treskurd, kolrosing, karveskurd og linoljemaling. Her er nokre bilete frå prosessen. Det var gode samtalar og mykje leik og eksperimentering med ulike teknikkar over ei heil heilg.

Kolrosing er ein enkel dekorteknikk der ein rissar inn mønster på treet med ein liten kniv, og gnir bark eller oske inn i sporet med olje, slik at mønsteret trer tram. (kol – kull, rosing – dekorering)

Karveskurd er ein utbreidd dekorteknikk der ein bygger opp eit geometrisk mønster med passar og linjal, og skjer ut små snitt som bygger opp mønsteret. (sjå t.d. https://krokvokst.com/2016/02/29/karveskurd-steg-for-steg/)

Treskurd eller «kroting» er ein meir fri leik med mønster og linjer, der ein skjer ulik dekor med kniv eller v-jern. I tillegg leika me med fargar, og lærte om ulike fargepigment, deira eigenskapar og linoljemalingas potensiale.

 

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s