Ask / Bjørk / Fletting / Krakk / Oljemaling / Treskurd

Bøker i Bø prisen til Vigdis Hjorth

Under litteraturfestivalen Bøker i Bø i år vart bøker i Bø-prisen utdelt til Vigdis Hjorth. I denne samanheng har eg fått lage ein spesialprodusert krakk til forfattaren. Her er nokre bilete frå Bøblad der ordføraren Olav Kasland deler ut prisen.

 

Frå artikkelen i Bøblad:
«krakken fall i smak. Vigdis Hjort var også forfattaren som i år kunne dra heim med Bøker i Bø – prisen. I grunngjevinga frå juryen heiter det mellom anna: – Bøker i Bø – prisen 2017 blir tildelt ein prislønna og hyperaktuell forfattar som gjennom sin mangfaldige forfattarskap har utforska eksistensielle spørsmål som omgår oss alle. Ho skriv klokt om val det enkelte menneske må ta langs livsvegen, men også insiktsfullt om samfunnsmessige forhold. Ein aktiv, nær sagt aktivistisk forfattarskap som stadig utvidar sitt slagfelt, ein forfattar som synest bli betre og viktigare for kvar bok – aldri forutsigbar, aldri likegyldig i sitt møte med kjærleiken, med samfunnet, med livet, ein uredd og unik forfattar i samtidslitteraturen»
Ordførar Olav Kasland delte ut prisen, som besto av 10000 kr og ein dekorert krakk i tre laga av kunsthandverkar Mari Fallet Mosand frå Bø. Krakken fall i smak hos forfattaren. «Den er heilt fantastisk og passar fantastisk godt til min nyinnkjøpte lindegrøne stol som eg har i stova, sa Hjorth.»

 

 

Legg att eit svar