Bjørk / Krympeboks / Oljemaling / skei / Tradisjonshandverk

Handverk til inntekt for flyktningane i Syria.

Treng du julegåver eller er du interessert i lokalprodusert handverk? I helga sel eg alle mine produkt til inntekt for flyktningane i Syria. Alt overskotet går til Redd barna og flyktninghjelpenes arbeid. Kom innom på Vreimsida 621 på laurdag 17 desember eller søndag 18 desember frå 12 – 16, eller etter avtale. (sjå også www.krokvokst.com)

Det er hjarteskjerande kva som skjer i Syria og Aleppo nett no, og det er lett å kjenne seg makteslaus. Det er ikkje alltid så lett å vite kva ein kan gjere, og korleis ein kan hjelpe. Me må ikkje ty til resignasjonen. Me må ikkje miste håpet.

Me har det så uendeleg godt. Me er trygge, me har mat, varme klede og tak over hovudet. Me kan legge vårt barn om kvelden og si «sov godt lille venn, det er heilt trygt. I morgon skal me ha det fint saman». Det er det dessverre ikkje alle som kan. Ver takknemleg for kor godt me har det, og velkommen innom. <3

Legg att eit svar