Bjørk / D.I.Y. / Rotfeste / Skogen / Tradisjonshandverk

Vidjespenning

 

”Vidjelaus mann er vonlaus”

DSC_0084

I vår sette eg meg som mål å lære å lage vidjespenning.

Vidje og vidjespenning var daglege bruksføremål i gamledagar. Dei vart blant anna brukt til å bære høy med, til korghankar, truger, skibindingar, til sopelime og til å binde skigard.

Det er eigentleg ein genial teknikk, og kjekt å kunne når ein er på tur. Det er på ein måte ein økologisk og snill karabinkrok, eller eit sterkt tau som blir hardt når det tørkar, men samstundes ganske fleksibelt.

Eg fant etter kvart ut at eg ikkje kjente nokon som kunne lage vidjespenning, så eg måtte gå omvegen om internett. Ei ganske grei skildring fant eg her:  http://sff.museumsforbundet.no/?p=561 Og som det står på denne sida, ein kan berre ikkje lese seg til handverk, ein må erfare og lage sin eigen kunnskap.

(Eg skal ikkje gjengi heile forklaringa her, les heller http://sff.museumsforbundet.no/?p=561)

Framgangsmåte og litt eigne erfaringar eg gjorde meg:

  • Bruk kvistfrie rotskot frå bjørk (bjørkerenning).
  • Start å skjera av alle små greiner med kniven.
  • Vri når bjørkerenninga framleis står på rot.
  • Vri frå toppen, og så lenger og lenger ned. Ein kan samle det ein har vridd i ein kveil etter kvart som ein vrir.
  • Borken dett av av seg sjølv om ein lagar den på våren. Om ein lagar vidja på hausten eller vinteren kan ein skrape av borken med baksida av kniven før ein vrir.
  • Når ein kan vridd så langt ned det passar seg (spørs kor stor vidjespenning ein ynskjer) skjer av bjørkerenninga ca 2- 3 cm etter der vridinga slutta. (dette blir låsepinnen)
  • Knyt ein knute nedst. Dette blir låsen.
  • Vri godt på vidja slik at det er mest mogleg spenn i ho, og brett den i 2 ca 1/3 frå knuten. No snurrar vidja seg saman til eit tau.
  • Tre enden gjennom låsen, og vri den tilbake så vidjespenninga blir trelagd.
  • Stikk løkka inn i låsen og tre i enden.

 

 

 

DSC_0086

Dei aller fyrste forsøk!

Legg att eit svar