Ask / Fletting

Kleskorg

DSC_0170

Noko eg synest er veldig moro er å gjere ting eg ikkje kan. Denne gangen har eg prøva meg på ei slags kipe korg til klesvask. Når ein brukar tøybleier kjem ein ikkje utanom ekstra klesvask, og med eit barn på eine handa ville eg lage ei korg eg kunne bere med den andre handa. Dette var eit slags prøveprosjekt, for eg trur det blir fleire kipe korger til våren.

Å lage kipe er ein gamal handverksteknikk, med få tradisjonsbærarar. Eg lot meg inspirere av denne artikkelen (http://www.husflid.no/fagsider/roedlista/roedlisteprosjekter/kipe_prosjektet) som er eit raudlisteprosjekt frå Vik husflidslag. Eigentleg skal ein bruke greiner av einer, hassel eller selje, ta dei om våren og fjerne barken og splitte dei til passe tjukkleik. Mens eg ventar på at sevja stig har eg fletta med årsskudd frå selje i staden.

Botn er i furu, spilene har eg laga av ask, og flettinga er årsskudd frå selje. Handtaket er i ask, og øvst på korga har eg sydd saman med tæger.

 

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s