Krokvokst / Skogen / Spikking

Leikegrind og litt filosofi

Vårt vakre born blir større, og nye behov meldar seg. Dei siste vekene har eg innimellom amming og barnestell laga ei leikegrind av små tre som har vekse i trilleavstand frå huset.

Eg synest det er godt å kvile auga på denne leikegrinda, der alle spilene har ulik tjukkelse, og alle litt forskjellige. Auga likar det organiske og ”uperfekte” trur eg, det ufullendte. Det appelerar til noko djupare i oss menneska, me er jo ikkje linjalrette og firkanta.

Det er som ein levemåte dette. Å berre tenkje at ein kan prøve å lage det ein treng. Å lata vera å kjøpe kjennest godt. Ja, det tar ofte tid, som kanskje ikkje kan samanliknast med det det ville ha kosta å kjøpe ei fabrikklagd leikegrind.  Men det er moro, og eg kjenner eg lærer noko nytt for kvart prosjekt eg set meg føre. Samstundes gjev det ei så ufatteleg god kjensle av samanheng å vite at treet på denne leikegrinda har vekse ca 200 meter frå huset, oppi skråninga hos vår kule nabo.

 

DSC_0042

 

Bilete frå prosessen.

Alle spilene er laga fyrst og så tørka. Så har eg  laga dei øverste og nederste delane i ferskt tre, satt saman leikegrinda, og tappene har krympa fast når det heile tørka. Ingen lim eller skruer! Leikegrind eller sprinkelseng til små born skal ikkje ha mindre enn 7 cm mellomrom mellom spilene. Eg har brukt ca 8 cm mellomrom.

Om nokon lurar på det har eg brukt ein tenon cutter for å lage tappene.

Legg att eit svar