Bjørk / Røter / Skogen

Tilbake til røtene: tægersanking.

untitled_150714_LQ_NAMN_006

Tæger er eit bindemateriale, laga av tynne røter frå bjørk, gran eller einer. Tradisjonelt er tæger brukt til sying av korger. Eg nyttar tæger frå bjørk til fleire ulike føremål. Som saum på ein sveipeboks, til forsterkingskant på ein neverkorg, eller til korger. Det er eit fantastisk materiale. Det er mjukt når det er vått, ein kan kløyve det på langs, og ein kan dra hardt i det utan at tægera ryk. Når den tørkar blir den hard. I sumar sanka me tæger i Folldal, og her er litt bilete frå turen.

Folldal ligg ved foten av Rondane, og det er her mor kjem frå. Så å sanke tæger her er som ei reise tilbake til mine røter, bokstavleg talt. 

Jorda her er skrinn og sandete, difor må trea langt for å finne næring, og røtene blir lange og jamntjukke.

Tæger kan sankast heile sumaren. Ein grev i jorda rundt trea, og hentar opp røter i den tjukkelsen ein ynskjer. Me prøver å ikkje ta for mykje på ein plass. Me passar også på at tægera ikkje rekk å tørke, og vaskar den i bekken.

 

Når me kom heim fjerna me never og bark, ved å dra baksida av kniven langs røtene.

(Alle foto: Jørgen Fallet Mosand)

DSC_0218 - Kopi.JPG

Tæger heng til tørk i taket.Ferdig barka, og klar til bruk.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s