Krokvokst

Velkommen til sløydbloggen!

untitled_150714_LQ_NAMN_006 - Kopi

Velkommen til bloggen om handverk, sløyd, og tre. Om bærekraftig materialbruk, lokalproduserte bruksgjenstandar, og ikkje minst om skapargleda og ei stor kjærleik til treet og skogen.

Før spikka og formgav alle, av lyst og av kvardagsleg nødvendigheit. Alt vart til i eiga hand, også av den enkle grunnen at det var galskap å kjøpe noko ein like gjerne kunne lage sjølv. I dag har sløyd fått eit nytt innhald. Å skape ved hjelp av øks, kniv, og ferskt tre, i staden for å kjøpe nytt, er som ein måte å vise motstand. Det er for meg ein måte å vera personleg og krokete, når så mykje anna er strømlinjeforma og masseprodusert.

Eg vil framover vise ulike handverksprosjekt, og gje eit innblikk i prosessen.

Eg nyttar aller helst rått tre, altså fersk virke rett frå skogen. Eg vil vere med på heile prosessen, frå skogen til ferdig produkt. Materiala eg nyttar er for det meste henta her i nærleiken av der me bur på Vreimsia i Bø i Telemark. Turar til fjellet, og min oppvekstplass Rauland gjev også interessante emne i krokvekse fjellbjørk. Alt dette gjev ein spesiell nærleik til materialet, og samanheng i kvardagen.

Mari Fallet Mosand

 

(framsidebilete: Helge Eek)

 

Legg att eit svar