Ask / Bjørk / D.I.Y. / Leike / Oljemaling / Spikking

Lag ein ring på pinne. D.I.Y.

Ring på pinne er ein leike, der poenget er å halde i pinnen, kaste ringen opp, og prøve å fange ringen på pinnen!

Her er nokre bilete av korleis du kan lage ein sjølv.

Framgangsmåte:

  • Bor eit hol i ein kvistfri stamme. (her bjørk)
  • Kapp av ein bit på ca 2 cm tjukk.
  • Start å spikke frå holet, årring etter årring til ringen blir passe tjukk.
  • Spikk av kantene.
  • Finn ein liten pinne, og spikk ein knopp på tuppen. Denne er til å knyte tråden på.
  • Hekle ein tråd, og mal eventuellt pinnen og ringen. Fest tråden.
  • Kor mange forsøk trur du du treng for å få ringen på pinnen?

Legg att eit svar