I dag har eg laga nokre nåler til nålebinding. Me planlegg nålebindingskurs med bærekraftige liv i Bø. Dette er også ein av handverksteknikkane Norsk Husflid har kategorisert som raudlista, og eg gler meg til å lære det!
Framgangsmåte.
- Kapp av ein passe lang bit av ein rettvokst tre. (eg har nytta ask, men andre harde treslag som einer er sikkert også fint.)
- Kløyv stammen så mange ganger at kvar bit blir passe tjukk. Kløyv alltid gjennom margen fyrst, og kløyv så i midten av kvar bit slit at dei splitter rett.
- Spikk til nåla, nåla må vere heilt glatt, ingen fliser her!
- Bor eit par hol til tråden rett ved sida av kvarandre. Eg brukte bor nr 3.
- Puss holet glatt med ei lita fil, eller sandpapir.
Nåla i bruk! Funka fint.