Handverktøy
verktøy

Handverktøy

Eg nyttar aller helst handverktøy når eg arbeidar. Å skape gjennom kroppen, via eit enkelt handverktøy er ei fantastisk og universell måte å lage det ein treng. Nokon tenkjer kanskje at det er bakstreversk, men eg vil at tanken skal rekke å fylgje med, sirkelsaga, bandsaga eller høvelen er raskare enn tanken. Det er vel … Les meir

Ask / Krakk / veve

Krakker

Krakker i ask, med vevd sete av sisal. Krakkene er 33 cm høge. Perfekt foran peisen, som barnestol, eller til å kvile føtene på. Me brukar vår kvar gang me fyrer i ovnen! Teknikk: Sprossene er laga fyrst, og tørka. Så har eg laga stolbein, med tapphol i ferskt tre. Dei tørre sprossene er satt … Les meir

Lokalproduserte  handverksprodukt.
Bjørk / Oljemaling / skei / Spikking / Treskurd

Lokalproduserte handverksprodukt.

Handlaga produkt er meir enn berre eit produkt. Det er kjærleik, kreativitet, og heilt unikt. Det er produkt der kvar gjenstand fortel ei historie. Ei historie der spor frå skogen, handverkaren og verktøyet framleis er synleg. No nettopp høyrde eg at dei sel ved frå Russland på lokalbutikken på min heimplass Rauland. Den er billegare. … Les meir